Arkivfoto: Tysnesingen

Er du i VM modus og klar for cup?

Publisert av: Dagfinn Sandvik
25/6/2018 18:28

Tysnes Sparebank fotballcup blir sparka i gang til helga, og “di meining” denne gongen handlar om akkurat dette. Opp gjennom åra har det vore brødrene Nils Eivind og Gunnar Hansen som har stått i spissen for arrangementet, og som har gjort ein kjempejobb. I år er det Thomas Hagen og Terje Vevatne som er leiarar av cupen. Denne sumaren er det påmeldt 26 lag, 6 damelag og resten herre.

Mange vert inspirert av fotball VM som pågår samstundes med cupen, og får difor moglegheit til å gjere som heltane deira Harry Kane, Isco og Lukaku. På fotballbanen er det lov til å “blåse” i frå seg, få ut litt adrealin, så då er det naturleg at språkbruken vert ein smule annleis enn den me er vane med i kvardagen. Men ein har sjølvsagt ein dommar å forhalde seg til, så vert ein for ufin verbalt eller fysisk, kan ein risikere å pådra seg både gule og raude kort.

Litt av sjarmen med ein slik cup er å stille med same laget år etter år, og med same namn. Eit av laga som er med også i år, og som har deltatt sidan cupen vart starta i 1997, er laget Feige Lag. Namnet har opphav frå då dei sjølve var born. Då dei spelte fotball og tapte, skulda dei alltid på at laga var feige. Tysnesingen fekk fatt i Halvard Dalsgård på telefon, han har vore med som spelar opp gjennom dei 21 åra, og kan skryta over at dei tilbake i tid nådde heilt fram til semifinalen. No er dei berre med for det sosiale. Dalsgård seier at dei trenar minimalt, Tysnes cupen er omtrent den einaste gongen i året dei spelar fotball. Det er heller ikkje uvanleg å ta seg ein røyk i pausane.

 

 

Arkivfoto: Tysnesingen

Feige Lag er ikkje kjend for stygt spel, men på dette bilete får Nils Petter Skjervheim eit gult kort. Lagleiar for “feigingane” Carsten Simonsen hevdar at dette kortet er det einaste laget nokon gong har fått mot seg.

 

Arkivfoto: Tysnesingen

 

På framsida av Feige Lag drakta, står det at dei støttar barnekreft foreninga. Det står også eit tlf-nummer kor ein kan donera pengar til denne gode saka.