Markerte verdensdagen for psykisk helse

Publisert av: May Britt Meland
12/10/2020 12:01

Det vart eit vellukka møte i Tysneshallen måndag 5. oktober, det var 37 kvinner som hadde funne vegen hit denne kvelden.
Tysnes Bygdekvinnelag ynskjer å koma i kontakt med fleire kvinner i bygdene våre, og ville på denne måten invitera til ope møte. 10. oktober er verdensdagen for psykisk helse, og me ville vera med å markera denne dagen.

Me hadde fått med oss Ruth Johanne Dalland, sjukepleiar med spesialisering innan psykisk helse og familieterapi, ho har nett starta si eiga bedrift som ho har kalla: Semje.

Hennar styrke er å leggja tilrette for dialog mellom mennesker som av ulike årsakar kjenner på mistrivsel og redusert livskvalitet, og at dei ynskjer å koma seg ut av det dei opplever vanskeleg.  Det er like viktig å ta vare på den psykiske helsa som det er å pussa tenna, sa ho avslutningsvis.

Leiar i Tysnes Bygdekvinnelag Jorunn Støle Bjordal, fortalte litt om laget og om dei aktivitetar me driv med akkurat no.  Me hadde og til slutt ein liten utlodning.

Tekst og foto: Tysnes bygdekvinnelag