Rusling i Sletteskormarkjo

Publisert av: May Britt Meland
8/5/2024 19:25

På vekas “Måndagsrusling på Austsio” rusla 20 deltakare i Sletteskogsmarkjo med Johannes Skorpen som guide.

-Me passerte Sletteskogen og rasta ved Sletteskogssjøden, fortel Magnhild Møllerup Bang. Langs vegen såg me mykje kusommar, skogfiol og kvitveis + eføy. Svært frodig område!

Neste måndag, 13. mai, går me tur frå tunet på Hodnaneset og innover ein god traktorveg.
Start kl. 11.00, eventuelt frå Onartun kl. 10.45.
Me har fått tillatelse av grunneigar til å parkera oppe i tunet, (men ikkje på jordet..)