Blåbærhaugen Foto: John Tye

Mange tok turen i 2024

Publisert av: May Britt Meland
3/1/2025 12:02

Då er det talt opp i 2024-boka på toppen av Blåbærhaugen, kan ein lese på Blåbærhaugen sine sider på Facebook.

Til saman er det skrive namn på 12.597 liner i boka på toppen. Det nye året byrja med snøføre, men det er brøytt til topps.

Dronninga av Blåbærhaugen i fjor var heilt utan konkurranse Helen Skaten Hystad, og elles ser ti på topp-lista for 2024 slik ut:
1. Helen Skaten Hystad (742)
2. Lise Skjåk Dalen (626)
3. Anne Kathe Dale Kjerland (518)
4. Hildegunn D Flakke (270)
5. Helge M Nesse (263)
6. Beate Storesætre (261)
7. Magne Storesætre (245)
8. Ruth Kongsvik Brandvik (237)
9. Ingebjørg Lien (216)
10. Gerald Kuderski (180)
Ragnhild Storesætre var rett bak med 178 turar, medan grunneigaren Gerhard ramla ned på ein tolvteplass med 169 turar.

Alle turane resulterer i 125.970 kroner frå Alsaker Fjordbruk til Onarheim idrettslag – pengar som kan brukast på tiltak på og rundt Onarheim skule.

God tur til alle i 2025!

Alsaker Fjordbruk har lovd å støtte idrettslaget dette året også, med 20 kroner for kvar som går til topps og skriv seg i boka.