Deilig dag i Tysnesfjellet

Publisert av: May Britt Meland
31/5/2025 22:02

Sola viste seg frå den finaste sida si og Skihyttelaget hadde open hytte og kaffien klar. Det kom turgåarar og kaffidrøsen gjekk. -Om ein tel med fir’beinte og, var det mange på Ådnastegen idag. -Eit flott syn når sauene kjem til fjells!

Skihyttelaget hiv seg rundt jevnt og trutt på kort varsel (pga været) og har “open hytte” og kaffi med noko å bita i. Det er også då mogleg med omvising i hytta. Dette vert informert om på Facebook sida ” Ådnastegen Skihyttelag”, og alle er velkomne til å få seg kaffi attåt nisto når det er annonsert. (Ein må altså ikkje vera medlem, men me har alltids plass til fleir )

Styret i Skihyttelaget