Madcon til Tysnesfest

Publisert av:
3/2/2011 05:54

Sensasjonen MADCON har dei siste åra tatt Europa med storm. Det kritikerroste bandet har selt uttallege singlar og album, moteke ei rekke gull- og platinatrofé i tillegg til å ha vunne fleire musikkprisar i heile verda.

No er Yosef & Tshawe aktuelle med ny plate Contraband som “Stargate har vore med å produsert og kjende rappere som Ne-Yo og Ludacris, har bidrege på.Fyrste singelen på “Contraband”, ”Freaky Like Me”, har etter kort tid allereie selt til Platina! Parallelt har ”Glow” selt 100 000 eksemplar i Norge og 300 000 i Tyskland, bare for å gje eit inntrykk av kven som er dei verkelege nye popstjernene i Norge.

Madcon opptrer laurdag 9.juli på Tysnes. Tysnesfest ser fram til ein fantastisk stemning blandt publikum når “GLOW” blir framført.

Billetter kjem i salg på Billettservice.no 10. februar. Du kan høyra litt på Madcon her >>>

I tillegg er Hellbillies og Knut Reiersrud og Ivar Kleive klar for Tysnesfest 2011