Adventsfest i Peralio

Publisert av: Vegard Aslaksen
17/12/2017 17:55
Publisert: 14.12.17 19:37

Kvar fredag har dei trim, kaffi og bingo i eldrebustadane i Peralio. Dette trivs dei med. På torsdag avslutta dei året med adventsfest, noko som har blitt ein tradisjon. Leiaren av arrangementet er Bertha Karin Singelstad, som på ein flott måte hjelper dei gamle med å få i stand mat, drikke og hygge. Dei fekk kost seg med snittar og karamellpudding, og mellom kaffikoppklirringane og politiske diskusjonar var bakgrunnsmusikken julestemning frå Frelsesarmeen.

På bileta er følgjande: Reidun Frøyseth, Marie Restad, Ingeborg Sætre, Kirsten Rogde, Åstad Økland og Else Marie Haaland. Ei av damene på bileta ville vere anonym, men det skal leggjast til at ho er i full vigør og fyller hundre år til sumaren. Mot slutten fekk dei også besøk av fotterapeut Elisabeth Martila, ei dame som dei eldre set stor pris på.

Dagfinn Sandvik