Steffen Günther fekk nærkontakt med grindkvalar i Bjørnefjorden

Litt av et skue! Sjå video i saka!

Publisert av: May Britt Meland
31/7/2018 13:57

Steffen Günther, som er busett på Malkenes, fekk seg litt av ei oppleving då han var ute på fisketur i går. Det var i tolvtida at ein stor flokk med grindkval kom til staden han låg og fiska. Som ein ser på videoen for dei ganske så nært inntil båten. Etter ei tid for kvalane inn på grunnare vatn for så å komme utpå fjorden igjen. Steffen Günther fekk nyta flokken på rundt 20 grindkvalar i rundt to timar.

– Eg er glad eg hadde kameraet med, og fekk foreviga dette, seier han til Tysnesingen.no.