Fyrste artistar til Tysnesfest 2022 er klare!

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/10/2021 10:00

Med vind i segla, full fart framover og stø kurs mot ein koronafri kvardag, er kulturfyrtårnet Tysnesfest klar med sitt fyrste artistslepp av mange gjennom denne vinteren! Me gler oss heilt enormt til å kunna sleppa tusenvis av nydelege gjester inn på vår fantastiske og heilt nyoppussa arena i juli 2022!

Dei fem fyrste artistane me har klare for lansering er Synne Vo, CC Cowboys, Halva Priset, TIX og Staysman & Lazz!

Samtidig som me lanserer artistar slepp me festivalpass, dagspass og camping- og hamnebillettar. Nesten alle som hadde billett til 2020 valde å bytta denne inn i verdikupong som dei brukte til å kjøpe billett til Tysnesfest 2021. Av desse igjen har om lag 95 % valt å behalda billetten sin, og den billetten vil gjelda i 2022. Så utgangspunktet for bra besøk på Tysnesfest 2022 er allereie svært godt, og folk bør ikkje venta for lenge med å kjøpa billett til sommarens eventyr! 

  • Det er alltid kjekt å sleppa nye artistar til ein ny festival, men i år er det verkeleg med ein ekstra dimensjon av lykkerus! 2020 var eit år me helst vil gløyma, og sjølv om 2021 gav oss både augeblikk med magi, glede og samhald var det og eit år i pausemodus.
  • Mange har spurt meg dei siste månadane om kva eg tenker om 2022. Heilt ærleg så er det ikkje ein gong eit tema at det skal bli noko anna enn full gass i 2022!
  • No ser me opp og fram, og planlegg for ein heidundrandes festival 6. – 10. juli 2022!

 

CC Cowboys

Dei er levende legender i norsk rock, og dei var eigentleg booka til Tysnesfest 2020 som blei avlyst. Heldigvis fekk me booka dei til TF22!

Det skulle vera nok å nemna låtar som «Vill, vakker & våt», «Tigergutt» og «Harry». CC Cowboys har dominert norsk rock med utallige kjempehits dei siste 30 åra.

Dei har heile tida vore garantistar for norsk rock av ypperste kvalitet, har oppnådd ei rekkje utmerkingar og hatt tusenvis av spelejobbar.

CC Cowboys

 

«CC Cowboys er eit band som har hatt en høg marsjfart – lenge. Me er ei klokke som står stille. Me går riktig to gonger i døgnet. Me definerer ingenting lengre. Me er ikkje den nye vinen. Me er eit av dei gamle banda som aldri gjev opp. Me er dei som berre fortset og fortset. Me er CC Cowboys» – Magnus Grønneberg.

Dei er høgaktuelle no, og slapp for nokre dagar sidan ny singel, “Gamlebyen” og kanskje det er eit hint om enda meir godsaker på veg?

CC Cowboys gjesta Tysnesfest sist i 2012, og det er ei sann glede å ønska dei velkommen tilbake til nye Gjerstad arena i 2022!

 

TIX

Andreas Haukland skapte den karakteristiske figuren med solbriller, pels og panneband, og tok namnet TIX med bakgrunn i ein oppvekst prega av å bli plaga på grunn av sin diagnose Tourettes Syndrom. Han valde å ta eigarskap over eigen situasjon, gjorde tics om til TIX og sette seg som mål å bli Norges største artist.

Han er godt på veg mot å nå målet sitt, og han har oppnådd ganske utrulege avspelingstal på Spotify, Youtube og andre kanalar.

TIX

 

Tidleg i karrieren hans gav han ut fleire populære russelåtar, og i 2018 gav han ut sin fyrste ikkje-russelåt, «Shotgun», som har heile 24 millionar avspelingar på Spotify aleine. Han har og utmerka seg som ein stor låtskrivar i inn- og utland med verdshiten «Sweet but Psycho», som han laga saman med Ava Max. Denne låten har nesten 2 milliardar avspelingar på Spotify og Youtube.

I 2021 vann TIX Melodi Grand Prix, og blei Norge sin representant under Eurovision Song Contest med låten «Fallen Angel».

TIX

 

Med eit øyra for melodiar som er heilt unikt, og ei forståing for kva folket vil ha, har låtane hans blitt allemannseige akkurat som karakteren TIX og har blitt det.

 

Staysman

 

Staysman & Lazz

Sist Stian og gjengen hans var her inviterte dei til «Det sjukaste vorspielet», og sette med det rekord i tal publikummarar inne på Gjerstad arena klokka 19.00! Det var klart me måtte invitera dei igjen.

I 2022 tar Staysman & Lazz med seg eit lass med hitar, eit lass med godstemning og eit LASS med pyro når dei kjem for å avslutta torsdagskvelden på Tysnesfest 2022.

Stian «Staysman» Thorbjørnsen treng truleg ingen nærare introduksjon, all den tid han gjennom dei siste åra har spela på omtrent alle både store og små scener i landet og figurert som programleiar i gullrekka på NRK, vore deltakar i realityprogram som blant anna Skal vi Danse og Farmen, og ikkje minst er han no programleiar for Allsang på Grensen saman med Kathrine Moholt.

 

Synne Vo

 

Synne Vo

Me var så heldige å få besøk av Synne Vo under vår minifestival Tysnesfest-isj i år, og då me såg ho på scena booka me ho allereie same kveld til Tysnesfest 2022!

Synne Vorkinn frå Lesja, øvst i Gudbrandsdalen, skriv primært tekstar på si eiga dialekt, og har brukt koronatida på å skapa hits som «Seksten», «Ikkje tenk på meg», «De e OK um du glømme me» og den siste låten hennar «Spagetti for to» som alle har gått på repeat hjå dei fleste nasjonale radiokanalane våre.

Halva Priset

 

Halva Priset

Vokalist og låtskrivar Petter Bjørklund Kristiansen valde å legga «Katastrofe» på hylla, og hadde sin avslutningskonsert i begynnelsen av 2020. Etter å ha levert hit etter hit i ei årrekke var det slutt.

Men det tok ikkje lang tid før saknet etter konsertscener, bygdefest og samhaldet med gjengen dukka opp. Så då var det berre ein ting å gjera. Han starta eit nytt band! Eller nytt og nytt, det er same gjengen som han har reist med dei siste åra.

Dei kalla seg Halva Priset, og reindyrkar elsken sin til alt som er betre utanfor storbyen, og då spesifikt utanfor Oslo. «Gi oss et festlokale så langt nord for Sinsen du kommer, så lover vi å sette fyr på lokalet med drikkeviser som får deg i godt humør»

 

Me er ikkje så veldig langt nord for Sinsen, men langt nok vest til å kunna oppnå full fyr på Gjerstad Arena når Halva Priset går på scenen!

«Jeg er født og oppvokst i Fredrikstad, mellom to bondegårder, i et skogholt i Onsøy – at jeg savner og skal tilbake dit, tror jeg man hører ganske godt i låtene. by:Larm, selvdyrket veganermat fra Grünerløkka og månedskort på trikken blir for meget for en enkel Østfolding. Og, ja – Østfolding. Ikke noe Viken-tull. Østfold heter det» – Petter.