Lefse baking

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/11/2022 09:03

Øving gjer meister.

Tysnes Bygdekvinnelag hadde tysdag 8. november eit vellukka kurs i å baka lefser. Det var 6 deltakar, og instruktør var Jorunn Støle Bjordal.  Desse lefsene blei laga etter gammal oppskrift frå Anna Frugård, og denne oppskrifta er med gjær.

Me laga ein deig, som blei delt i 3, og så jobba dei saman 2 og 2.  Ein kjevla ut, og ein steikte, og så bytte ein om.

Og så var det om å gjera å få lefsa rund, jamn, tunn og fin.  Og til slutt gjekk da greitt.

Det er her me seie at med øving blir ein meister.

Fleire har etterspurd, og me vil prøva å få til eit kurs ein laurdag, men me klarar det ikkje før jul.

Det blei og spurt etter kurs i å baka potetkaker, det vil me prøva å få til etter jul.

Oppskrift på Anna Frugård sine lefser:

200 gram margarin

1 liter H mjølk

25 gram fersk gjær

1 egg

½ beger seterrømme

4-5 ss farin

1 kg kveitemjøl

½ kg fint rugmjøl

1 liten ts hjortesalt

Litt salt

 

Smelt margarin i kjele og tilsett mjølka og varm opp til 37 grader (fingervarmt)

Løys opp gjæren

Pisk saman i bakebollen rømme, egg og farin

Tilsett mjøl

Tilsett hjortesalt utrørt i litt vatn (1 ss)

Tilsett ca ¼ ts salt

Arbeid deigen godt saman. Del opp til emne om lag 80 – 90  gram, legg på eit brett som dekkes med plast.

Dryss litt kveitemjøl på bakebordet og kjevle ut leivar og steike etter kvart.  Me sette takka på 6-7, men dette må ein prøva seg fram til.  Blir det boblar, har du for sterk varme.  Lefsene må leggjast på rist og tørka litt før ein har det til oppbevaring.  Må oppbevarast tørt.  Denne oppskrifta gir om lag 20 lefser.

 

Tysnes Bygdekvinnelag