Laurdag 11. april er Fotballens Dag

Publisert av:
25/3/2015 08:29

Tradisjonane må haldast, og ein av dei faste tradisjonane om våren, er Fotballens Dag.

I år vert den arrangert på kunstgrasbanen laurdag 11. april frå kl. 1000.

Barnefotballen, opp til 12 år, spelar mellom kl. 1000 og 1400.

Oppsett over kor tid ein skal møta, kjem i veke 15.

Kl. 1400 er det kamp mellom damelaget og G 14.

A-laget har sin første seriekamp, og den kampen byrjar kl. 1530.

Så er det berre å håpa på fint og godt frammøte.

God stemning plar det alltid vera!

Tekst: Helge Hauge