Publisert av:
30/3/2013 16:02
Langfredagstur
På ein særs vellukka basar skjærtorsdag i grendahuset på Skorpo, vart det opplyst at det vart skipa til tur over Skorpefjellet langfredag frå Skorpetveit til Laukhammar. 18 små og store vart med på turen. Skorpefjellet er eit flott og lett fjell å ferdast på, – mykje snaufjell – og i år var både vatn og myrar frosne og lette å kryssa.