Kunst og snurrepiperier

Publisert av: May Britt Meland
14/7/2021 08:02

Heime hos Wenche Brandsæter ser ein tydelig at dette er ei kreativ dame. Ho malar flotte maleri, lagar kort, strikkar og tryllar fram den vakraste brukskunst av rekved.

Fyrstkommande laurdag, 17. juli, opnar ho det vesle utsalet sitt i kjellaren heima i Liastrando 165.

Ho held op frå kl 11 til kl 16.

Wenche med eit av akrylmåleria sine.

 

Spegel med ramme av drivved.

 

Det er litt av kvart å finna av brukte ting og tang i hyllene til Wenche.

 

Om du har lyst på noko å bita i, sel Wenche vaflar og kaffi på terrassen også.

 

Wenche vil også ha ope andre dagar.

-Eg set opp eit skilt når eg har ope, men om folk ringer kan vi altids opne ekstra, fortel Wenche

Du treff henne på tlf 90993775, eller du kan sjå på Wenches kunst & snurrepiperier på facebook.