Tirsdags-feiden

Publisert av: May Britt Meland
8/5/2024 21:37
Tirsdags-feiden, runde 1, gjekk av stabelen tirsdag kveld, 8. mai, på Dalen Golbane. Scramble parturnering netto slag over 9 hol
– Kjempekjekt, men ikkje altfor mange deltakarar. Kollisjon med diverse andre arrangement vart sagt.
Dei som var med fekk ein fin runde med ny flott sand i bunkrane som enkelte gjekk for å testa med varierande resultat.
Soleklart vinnarlag vart Helge/Fredrik med 21 slag netto. (Karane på hovud-biletet ved utslag hol 5.)
Nr 2 Arne/Vidar, 26
Nr 3 Hallvard/Atle, 27
Nr 4 Linda/Oddvin, 28
Runde 2 i ‘FEIDEN’ går neste tirsdag kl 18.00. Då vert det pitch & putt 18 hol netto slag individuelt.
Ta med køllene og vær med – ingen for god, og ingen for dårleg !
NB !!!
Vegen til golf-kurs er på trappene !
Ta kontakt med Arne Dalsgård eller Ole Kristian Dalen og meld din interesse !
Tekst og foto: Tysnes Golfklubb