Krafttak mot kreft

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/3/2023 07:03

I perioden 13. til 19. mars er det tid for det årlege “Krafttak mot kreft”.

For 7. året på rad, sponsar Alsaker Fjordbruk Krafttak mot kreft med kr 100,- for kvar tur som blir registrert på toppen.

I 2022 vart det rekord med til saman 2058 turar, og målet er at denne vert slått i år.

Oppfordringa er klar; Ta med deg naboen, kollegaer, vener og familie på tur, og ta eit krafttak mot kreft.