Bygdekvinnetreff på Flatråker

Publisert av: Martha Nygård Lande
18/2/2020 12:48
Frå Bygdekvinnetreff på Flatråker måndag 3.februar
Uren Luren  –  eit kåseri av Olav Skjellevik
Olav fortalte om Properitæren Klaus Pavel Riis som kjøpte seg gard på Nymark for 2900 dalar.  Han vart født i Bergen i 1826.  Han hadde landbruksskule og var ein foregangsmann i hagebruksnæring, og ville læra bøndene meir om grønnsakdyrking. Han var og den fyrste som planta gran på Tysnes.  På den tida var det ikkje veg til Onarheim, og det var ikkje alltid råd til å få båtskyss.  Då måtte han gå over Teigen og den farlege «glufso», der oppe mellom steinrøys og framom Storaheio 160 moh.
Her budde Knut og Abel Onarheim som vart kalla: Knut i lukto og Abel i himmelen. Dei hadde 5 sønar og ei dotter som heitte Herborg, som kunne vera 5 – 6 år.  Abel blei ikkje så gamal, og Knut gifte seg oppatt med syster til Abel, Dordi.  Han dreiv med fiske og lagde tresko.  Dordi dreiv med spinning og veving.  Herborg 1859 – 1911 var taus og budde bl a på Voss der ho døyde.
Klaus Pavel Riis skreiv syngespelet: «Til seters» som blei oppført i Kristiania og i seinare tid på Det Norske Teatret.  Og ungdomslaget i Vonheim satt opp stykkje så seint som i 1981.
Den fyrste norske filmen kom i 1924 og var: «Til Seters», og den filmen eksisterar enno. Herborg har nok gjort inntrykk på Pavel Riis, og folka i Storaheio blei modellar for den kjente visa: «Eg heiter Anna Knutsdotter».
Det er og nokon andre stadar som har prøvd å tilegna seg visa, men me veit den kjem frå Tysnes. Linda Eide hadde eit program i NRK kalla Norske Attraksjoner, og 28.mai 2008 var frå Storaheio og Uren Luren.
Olav er den lukkelege eigar av andagtsboka til Herborg, som han synte oss.
Me takka Olav for ein flott foredrag.
Tekst og bilder: Kjersti Godøy