Flott rasteplass

Publisert av: May Britt Meland
2/7/2023 17:26

Tursti 5690 Malkenesrunden.
Prosjektgruppa melder på Facebook at dei laurdag 1/7, fekk satt ut nokre parkbenker på rasteplassen på Skåtet.
Praktiske benker for kaffi, drøs og berre slappa av i fin natur.
Denne plassen er nyleg etablert, og er 1 av 3 planlagde rasteplasser langs Malkenesrunden.
Den ligg fint og åpent til som markert i kartet. Fin og flat spasertur frå opplagsplassen med ein liten stigning på slutten. Fin til bruk for dei som kvir seg for den store runden.

 

Bygdalaget skaper møteplasser!
Prosjektgruppa/grunneigarar og bygdalaget