Krafttak mot kreft 2022 – I dag går startskuddet!

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/3/2022 10:32

Aksjonen går frå 7. – 13. mars.

Dette er det 6. året Tysnes er med på innsamlinga Krafttak mot kreft. I år går middlane til forskning på kreft med spredning. Forskning gjort i dag kjem framtida tilgode.

På dei 5 åra Alsaker Fjordbruk har støtta turane, har i alt 5.851 tatt turen til Blåbærhaugen – rekorden var i fjor med 1.943 til topps – I år 2022 satsar me på 2022 til topps. Tysnes Kraftlag sponsar bussar til skular og barnehagar og dei bidrar stort for Kreftsaka.

I tillegg har me loddbøker liggjande på Joker, Uggdal og Onarheim, Bunnpris Lundegrend og Gøy På Landet, Våge. Me har fått utruleg mykje flotte gevinstar frå både næringsliv og privatpersonar

Me har hatt lynutlodding i Våge, og på laurdag 12. mars vil Uren Luren 4H stille opp med lynutlodding og sal av sveler på Onartun.

Det er slutt på ordinær bøsse innsamling, men ein kan Vippse til 451041 eller bruke den digitale innsamlingssida til Tysnes:

https://digitalinnsamling.kreftforeningen.no/team/tysnes-gar-for-krafttak-mot-kreft