Kontroll

Publisert av:
9/8/2017 13:19

I formiddag var statens vegvesen oppstilt på Reiso for å utføra kontroll av køyretøy.

Med automatiske skiltavlesarar i begge køyreretningane får dei sjekka om Eu kontroll, årsavgift mm. er i orden på ein effektiv måte.

Svein Bauge oppsummerer dagen med fylgjande kontrollresultat:

– Vi hadde trafikkkontroll i Uggdal frå kl. 09:30 til 12:00 der vi også brukte ANPR, (kjennemerkegjenkjenningsutstyr) det blei kontrollert 129 kjøretøy, det vart kun registrert eit kjøretøy som vart begjært avregistrert. 

Frå 12:30 til 14:oo var vi i Våge sentrum der var det to bilistar som fekk gebyr for ikkje å ha med seg vognkort og to fekk kontrollseddel for defekte lys.