«Kom deg ut dagen»
30/1/2015 17:23
To gongar i året, i februar og september vert “Kom deg ut dagen” arrangert av Den Norske Turistforening sine medlemforeningar. Målet er å gje folk ein smakebit av friluftslivet, og forhåpentligvis ein smakebit som gjev meirsmak!
På Tysnes har ein ikkje ei medlemsforening, så då er det opp til kvar og ein å markera dagen og organisere sin eigen “kom deg ut dag”. Sjølv om det har vore dårleg vær siste tida, melder yr.no delvis skya og kaldt på søndag så då kan ein kanskje ta ein tur i skiløypene i Solheimsdalen?
Om du ynskjer å delta på eit arrangement finn du opplysningar om desse på sidene til DNT
I Fusa inviterer Barnas Turlag til Bygdastølen og aktivitetar som natursti, skileik, skigåing i flotte omgivnada. Vidare vert det bål og grilling.
På Stord er det arrangement på Lundarstølen med moglegheit for å aka, stå på ski, Quiz, Twistløype mm.