Klart for Sjøsportveko i juni

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/5/2022 13:33

Sjøsportveko har vore arrangert av Båtlaget Njord Tysnes i ei årrekkje, og er eit populært arrangement. I år går Sjøsportveko av stabelen 27.06 til 01.07.

Sjøsportveko er for born i alderen 8 – 13 år. Borna får prøva seg på sigling med joller og større båtar, padling i havkajakk, sjømannskap, sjøvett og vannsport. I tillegg blir det tid til bading for dei som har lyst til det.

Sjøsportveko er lagt opp ut frå alder og ferdighetsnivå, og deltakarane blir delt i grupper på bakgrunn av alder/erfaringsnivå.

Primærmålet for læring er å gi borna mestringsfølelse og samtidig ha det gøy. Målsettinga med Sjøsprtveko er å gje born eit godt fundament å byggja vidare på i Sjøsportens fantastiske univers.

I år støttar Gjensidigestiftelsen Sjøsportveko. Det betyr at det ikkje er noko deltakar avgift utanom reservasjonsavgifta på deltager.