Gjensynsglede!

Gjev håp til fattige

Publisert av: May Britt Meland
6/4/2019 09:38

22. mars reiste Merete Kristiansen saman med Else-Marit Særsten, Åshild Matre og Siv Heidi Schulstad frå Tysnes til Ukraina med stiftinga KPK-Ukraina. Til saman var det 47 stykker frå Norge som var med for å dele ut kle, sko, leikar, mat og mykje anna.

Merete fortel at dette er 5. turen hennar med KPK stiftinga. -Og det er langt i frå ein ferietur, det er hektisk frå tidleg morgon til seine kvelden. Her heime vert det samla inn både kle og leikar, som vert sende til Haugesund for så å gå med trailer til Ukraina. Det vert også samla inn pengar. Det er begrensa kor mykje ein kan ta med seg nedover, og der nede får ein så utruleg mykje meir for pengane enn her i heime, seier ho.

Ein får mykje for pengane i Ukraina samalikna med i Norge!

 

Under opphaldet har dei 4 eldsjelene frå Tysnes reist rundt og besøkt barneheimar, gamleheimar og ei rekkje landsbyar. Her har dei vore med og delt ut matposar, kle og sko mm. I tillegg hadde dei også med seg gåver frå fadderar.

Det stod lange køar og venta på bussane som delte ut mat og kle.

 

Det er mange sterke inntrykk på ein slik tur. Noko som gjorde spesielt inntrykk på Merete var møtet med ei eldre kvinne. Ho budde aleine med sonen på 40 år som var funksjonshemma. Huset dei budde i hadde inga form for oppvarming, og heller ikkje vatn. Ho gjekk 2 km langt ned ein dal for å hente vatn. Merete fortel at det var så kaldt inni huset, at det var varmt å komme ut! Merete ønskte å gje dama noko til sonen, og alt ho hadde då var ein spinner. Mora vart så glad at ho tok til tårene, sjølv ein så liten ting er stort for ein som har lite og ingenting.

-Det er rørande å sjå kor glade alle blir for det vesle vi kan bidra med, det set djupe spor.

Merete ynskjer å takke alle som har vore med på å støtte både med pengar og kle. -De er alle gode som GULL, og de skal vete at det betyr så utruleg mykje for mange! Ho vil også takke Jeanette Olsen som har lånt ut lagerlokale heilt gratis.

Eldsjela har ikkje tid å kvile, for allereie i mai går neste trailer!

 

Alle foto: Privat.