Klar til marknadsdagar

Publisert av: May Britt Meland
12/7/2023 21:35

Aleksander Fauske som starta Lynghaugane Møbelverkstad i 2022, er ein av mange flinke handtverkarar som skal ha stand under marknadsdagane på Tysnesfest. Her kan du finna eit rikt utval av handlaga, unike kvalitetsprodukt.
Aleksander tek med seg fjøler, coasters, kniver, serveringsbrett, vinkassar og mykje mykje meir!

 

Det vert også mogleg å få produkta lasergravert med personleg helsing, heilt gratis! Aleksander gjer dette på staden, og det tek berre nokre minutt.