Kjempeoppslutning om stifting av Turlag på Tysnes

Publisert av: Vegard Aslaksen
5/11/2019 14:39

Måndag kveld var det oppstartsmøte til Tysnes Turlag. Oppslutninga og interessen for eit Turlag på Tysnes var stor. Om lag 50 personar frå heile øya hadde teke turen til grendahuset på Tveit for å delta på møtet. I løpet av kvelden vart det gjeve informasjon om korleis eit Turlag kan sjå ut og ein fekk på plass eit interimsstyre som skal jobba vidare med organisering av laget.

Foto: Martha Nygård Lande.