Dronefoto: Mikal Asbjørnsen

Ein konsertarena tek form

Publisert av: May Britt Meland
8/7/2019 21:28

Det er ein imponerande innsats som er gjort av dugnadsgjengane som riggar til Tysnesfest. Skuleplassen på Gjerstad var så godt som tom i morges, og no er det allereie kome opp gjerder rundt området, to store konsertscenar og mat-telt.

 

Desse profesjonelle sceneriggarane har mange detaljar som skal på plass.

 

 

Kjøkkenet er klart til å bli pakka ut.

 

Tysnesingen.no fekk også ein sniktitt inn i det aller helligaste til artistane. Inne i hallen er det sett opp 6 store partytelt. I desse kan artistane få førebu seg i ro og fred før dei går på scena.

 

 

Dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest Øystein Våge er vel plassert på sitt nye “kontor” i Tysneshallen. Her har han full oversikt over det som skjer. Det er mange ballar i lufta i desse dagar, men framdrifta går etter planen.

Dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest Øystein Våge

 

Til og med værgudane er på lag med festivalarrangørane!

 

 

Dei fyrste båtane er på plass i båthamna.

Dronefoto: Mikal Asbjørnsen