Tilskot til kulturbygg i Vestland

Publisert av: May Britt Meland
1/3/2023 20:27

Tysnes kommune melder at ein no kan søkja om midlar til kulturbygg. Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Søknadsfristen i Tysnes kommune er 31. mars

Du kan søkje om tilskot til

  • kulturhus
  • fleirbrukslokale
  • spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak
  • scenekunstlokale
  • konsertsal
  • formidlingslokale for biletkunst
  • etablering av livssynsnøytrale seremonirom

 

Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.

Vestland fylkeskommune lyser også ut ordninga tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar.

Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune kan søkje på ordninga. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.

Søknadsfrist

31. mars 2023. Alle kommunane må overføre søknader frå kommunen sin til Vestland fylkeskommune innan 30. april kvart år.

Korleis søker du?

Send inn søknad elektronisk på anleggsregisteret.no.

Ta kontakt med Mats Løve Gjersvik mlg@tysnes.kommune.no / 988 66 973 før du søkjer.