Illustrasjonsbilete

Kan saueull brukast i staden for plast rundt planter?

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/1/2022 09:20

Ny forskning viser at saueull kan halde ugras i sjakk.

I framtida blir ull kanskje meir vanleg enn plast hos den som dyrkar grønsaker og bær.

Ulla hindrar ugras og uttørking av jorda, og gir verdfull næring til jord og planter.

Det er den lite verdsette ulla frå gamle, norske sauerasar forskarane konsentrerer seg om. Forskarane meiner den farga ulla kan ha stor verdi, og vere med og minske miljøproblema plast skaper i naturen.

NRK sine nettsider kan du lese meir om saka.