Kjekt med gardsbesøk og aktivitetsløype

Publisert av: May Britt Meland
1/5/2023 21:57

Søndag 30. april fekk mange små og store besøke lammene og kyllingane på Stølane. Barnas Turlag Tysnes fortel at det var godt over 80 besøkande på garden. -Husflidlaget hadde sopelimverksted, så ikkje bli overraska om det no dukkar opp ein haug med unge «kjerringar» på himmelen, skriv Barnas Turlag.

Laget takkar for ein fin dag med uteaktivitet. -Det er godt å sjå at så mange vil vere med på Barnas Turlag sine aktiviteter – meld gjerne barna inn i DNT!

Foto: Barnas Turlag Tysnes