Arkivfoto: Altane i Tysnes kammerkor under øving til kabareten «Norge Rundt». April 2018

Inviterer til open korøving

Publisert av: May Britt Meland
30/8/2020 12:21

Musikklivet i Noreg arrangerer i veke 36 “Gjensynsglede” for gamle og nye medlemmar. Dette vil Tysnes Kammerkor vera med å markera.

Gjensynsglede er ein kampanje for det frivillige musikklivet hausten 2020. Etter lang tid med koronastengt musikkliv mobiliserer Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund alle sine medlemsorganisasjoner til ein felles oppstartskampanje.

Sissel Karin Clausen i Tysnes Kammerkor seier at koret vil gjera seg meir synlege. -Me ynskjer også å “ufarleggjera” det å vere med i koret ved at folk kan observera ei øving og sjå oss i aksjon. Dei som vert med får høve til å øva inn ein ny song, på denne kvelden. No gler me oss, og ser fram til ein ny sesong etter ei lang korona-pause.

Koret har stort behov for fleire basser i koret, men tek også imot alle som melder seg.

Tysnes Kammerkor ynskjer gamle og nye medlemmer hjareleg velkommen til OnarTun 1. september kl 18.00.
Det vil bli servert kaffi/kake på denne øvinga, og så arrangerer vi vinlotteri.

 

Har du lyst til å synge litt saman med oss, eller berre helse på, så er du hjertelig velkommen!