Kjekt med dansegalla
17/8/2018 22:49
For å sjekka temperaturen inne på skuleplassen i Våge, hos gjestane ved dansegallaen, var Tysnesingen allereie på plass fredags ettermiddag. Her fann me ein gjeng hyggelege folk, henholdsvis frå Fitjar, og det ein av dei refererar til som sumarøya, Stord.
På spørsmål om kor monge gongar dei har vore her, vert diskusjonen fort satt i gong. Nokon meinar at dei har vore her alle gongane, andre meinar at dei har vore her omtrent alle gongane. Dei plar alltid kome fredagen, for å sikra seg ein god plass til campingbilen, og for å kose seg fram mot dansen laurdag kveld. Med seg har dei god mat og drikke, trubadur og kordamer. Så fredagskvelden vert underhaldane den også.
Dansegallaen skryt dei veldig over. Musikken spelar i ett, og dei slepp lange pausar utan musikk. Dei dansar til det er slutt, omtrent i 2 tida på natta. -Me er av dei som held ut lengst, kjem det frå ei smilande og trivelege dama i gjengen.