Salhusvinskvetten med ny plate og nytt show

Nytt artistslepp frå Tysnesfest

Publisert av: Vegard Aslaksen
19/12/2019 09:34

Tysnesfest melder at Vinskvetten kjem til festivalen neste år.

Me har prøvd i alle år, men festivalen vår har vanligvis kollidert med ferien te Belberten. Difor er det med enorm glede og ikkje så lite stoltheit me kan fortelja at legendariske Vinskvetten endeleg kjem te Tysnesfest!

Vinskvetten blei starta som ein revy i Salhus lenge før Tysnesfest var påtenkt. Ja, dei fleste som starta festivalen vår var ikkje påtenkt ein gong. Så det er eit band med ein fantastisk lang karriere bak seg som no kjem til Gjerstad arena.

Eventyret starta allerede i 1975. Mange av tekstene til Vinskvetten er knytta til eit eige univers, bygda Rothåla. Du kan gle deg til klassikarar som «Ronny Bruvik», «No e da helg», «Dans på Grasdal» og «Tjo og Hei og Duddelidei».

Etter lang tid med skriving, komponering og innspeling er karane no klare for vegen igjen. I august slapp dei plata «Dei Fem UiMotSlåelege», som blei godt mottatt av både presse og publikum. Torsdag 17. oktober var det premiere på den nye forestillinga deira, «Mysteriet på Ullaloftet» på Ricks teater i Bergen.

Nokre av medlemmene i gruppa har vore hos oss før saman med Ausekarane, og då har det vore fullt hus og stormande jubel i Bermudateltet.

Vinskvetten består av Bjørn Jensen, Gunnar Låstad, Jarle Farestveit, Arild Totland og Øyvind Østerbø, og speler på Gjerstad arena torsdag 9. juli, OG i Bermudateltet fredag 10. juli!
Til no er fylgande artistar lansert til festivalen: Highasakite, CC Cowboys, Hjerteslag, Hellbillies, TIX, Stavangerkameratene, Vinskvetten og Kapteinen

Tysnesfest vil samstundes få nytta anledningen til å ynskje alle publikummarar, frivillige og samarbeidspartnarar ei riktig god jul, og eit fantastisk godt nytt år!