Kickoff nye Tysnesingen.no

Publisert av: Vegard Aslaksen
8/3/2018 13:48

Tysnesingen.no inviterte annonsørar til Mandelhuset for «Kickoff» og førpremiere av den splitter nye nettsida Onsdag 7. Mars. Den stolte redaksjonen viste fram den oppfriska og forenkla nettsida.

Tekst og foto: Tommy Gundersen

Sjølve «Kickoffen»

Mange hadde teke turen til Mandelhuset. Frå Tysnes kommune stilte ordførar, Kåre Martin Kleppe. Kraftlagssjef Lars Enes, Knut Jarle Kleppe frå Andersland Bygg og Steffen Sleire Opdal frå Tysnes sparebank representerte andre hovudannonsørar. Ved fyrste fot igjennom døra sto dagleg leiar av Mandelhuset, Patrick, og ønska alle velkomen med eit glas sprudlevatn. I fyrste del av før premieren heldt Vegard Aslaksen og May Britt Meland (presentørane av førlanseringa), ein PowerPoint presentasjon som inneheldt historie og fakta om Tysnesingen.no. Nærmare slutten på presentasjonen vart den nye Tysnesingen.no endeleg avduka, og Vegard viste litt demonstrasjon av nettsida både på pc og mobil. Etter presentasjonen kunne annonsørane og kundane sjå og bruka den nye Tysnesingen.no, enten på data eller mobil. Responsen blant dei frammøtte var svært positiv. Ein nytta økta godt til å prøva den nye Tysnesingen.no og få svar på spørsmål både omkring annonsering og bruken av sida.

 

Det at Tysnesingen.no vert fornya vil vera bra for mange.

Annonsar som vert vist på Tysnesingen.no vil vera meir oversiktlig, sakar blir enklare og finna fram til. Og viss ein føler for å senda inn saker, eller vil leggja noko ut på marknadsplassen, vil det kunne bli gjort på ein mykje enklare måte enn før. Ikkje nok med det, no finn du ein flott oversikt over alle anonnsørar på ei egen side! Her kan lesaren lett finna fram og lesa om dei forskjellige annonsørane.

Mykje er nytt på den nye sida, men Tysnesingen.no har sidan oppstarten i 2000 gjennomgått fleire oppgraderingar. Her er nokre bilete av korleis Tysnesingen.no har sett ut fram til i dag.

Det fyrste biletet viser korleis Tysnesingen.no såg ut då Gunnar Hansen starta opp att Tysnesingen.no i 2004.

Det andre bilete viser korleis Tysnesingen.no såg ut då Tysnes Industri AS overtok sida og fram til i dag, 08.03.2018.

 

I tillegg til ei flunkande ny side, kan du no også følgje Tysnesingen.no på fleire sosiale medier:

Facebook

Instagram

Twitter

Youtube

Snapchat: Søk opp Tysnesingen.no