LYSARE TIDER: I løpet av fire månader går me frå mørketid til midnattssol i Nord-Norge. Foto: Nina Kobberrød

Dagane blir lengre

Publisert av: Martha Nygård Lande
2/2/2020 09:37

No blir dagane lengre og lysare. I Nord-Norge går dette veldig fort. I Tromsø får dei rundt 15 minutter meir dagslys kvar dag no framover. Lenger sør, i Bergen, vil me få rundt 4 minutter meir dagslys.

22. desember var det vintersolverv – populært kalt «solsnu». Frå den dagen har det gått sakte mot lysare tider. Men akkurat no går det veldig fort, og særleg i Nord-Norge, der det blir raskare lysare dagar enn i sør.

SOLA OG JORDA:
Vintersolverv fell på 21. eller 22. desember på den nordlege halvkule. Dagane blir stadig kortere opp mot vintersolverv, og dei blir lengre igjen etterpå.
Foto: met.no

 

Vil du lesa meir, kan du gå inn på NRK/Viten sine nettsider.

Tekst og bilete er henta frå NRK/Viten.