Illustrasjonsbilete

Kartlegging av jordsmonnet i planområdet E39 Stord – Os

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/11/2020 15:14

Personell fra NIBIO(Norsk institutt for bioøkonomi) vil i veke 46, 47, 48 og 49 kartlegge utbreiinga av ulike jordtypar i Stord, Tysnes og Bjørnafjorden kommunar.

Jordkartlegginga vert utført på oppdrag frå Statens vegvesen Region vest og vil inngå som ein del av plangrunnlaget for veiutbygginga E39 Stord – Os, kan ein lesa på Tysnes kommune si nettside. Her kan du og lesa kvar på Tysnes ein skal gjera denne kartlegginga.

Kartlegginga vil skje på fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite innafor varslingsområdet for reguleringsplanen E39 Stord – Os. Den praktiske jordsmonnkartlegginga foregår ved at jorda vert undersøkt med jordbor.

Ved ei slik kartlegginga får ein fram informasjon om jordressursen på jordbruksarealet, driftstekniske begrensningar for jordbruksproduksjon, dreneringsforhold og tørkeutsatthet. Ein får og informasjon om ulike begrensninger ved arealet, som djupne til fast fjell, innhald av grovt materiale, organiske jordlag, leirinnhald, karbonatinnhald, planering/påkjørt jord og helling.