Tursti Øyjoro – Uggdalsvarden

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
19/6/2018 09:53

Stølsutviklaren vart oppringt om tips til stimerking (rydding). Uggdalsvarden var erobra frå fleire kantar, men beste vegen til toppen var frå Øyjoro, meinte Ingunn Langlo. Ho hadde fått lov av grunneigar, Lars Kristian Brekke, å parkera i tunet på garden hans.

Turen startar på skogsvegen der. Der vegen sluttar er det bratt opp, men ikkje så bratt at det ikkje var plass til raude T-ar. T-en kunne stå for tursti, Tore eller Tho. Ein fin tursti ventar no på heile alfabetet og namnet ditt skriv du i boka i varden 447 m.o.h.

Tekst: Tore Økland