Tur med gjestar frå Os, men tysnesingar er svært velkomne til å gjere nye bekjentskap.

Parkeringsplass Dalen
21. april kl. 10:00

21. april har Os Turlag bede Tysnes Turlag å lage ein tur i Tysnesfjella. Derfor inviterer vi både osingar og tysnesingar til å vere med på ein triveleg tur rundt Gjerstadstølen.
Vi startar frå parkeringsplassen nedanfor Dalen når osingane er komen ca. klokka ti.
Derfrå går vi oppover til Gjerstadstølen saman med Tore Økland (stølsutviklaren).
På amfiet, et vi matpakke og kosar oss til ein trall frå stølsutviklaren.
Vi ruslar vidare langs vatna og opp på Ilefjell med panoramautsikt.
Derfrå går vi nedatt til bilane.

Ta på dykk passande klede og sko etter vêret.
Arrangementet er gratis og ope for alle!
Kom bli med oss UT!