Ein sprudlande blid festivalsjef kan i dag bekrefte at desse karane kjem til Tysnesfest i 2021.

Discokongane kjem til Tysnesfest allikevel!

Publisert av: May Britt Meland
4/6/2020 18:10

Ja då er det bekrefta! Village People har takka ja til å utsetje noregsbesøket til neste sommar!

 

-Eg har vore litt bekymra for at dei utanlandske artistane me har booka ikkje skulle kunna bekrefta festivaljobbar i 2021, seier Øystein Vaage, Dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest. Det er derfor svært kjekt å kunna fortelje at Village People inntek Tysnesfest laurdag 10. juli 2021!
Kombinasjonen Staysman&Lazz, Vidar Villa, TIX, car.pool, Kapteinen og no også Village People gjer at dette blir ein festkveld av dimensjonar!
-Eg synes jo dette kan vera den bookinga til 2020 som var mest spanande og i nokre sine auger kanskje den mest spesielle og sære, og det er derfor ekstra gøy når dei blir med over til 2021. Tilbakemeldingane frå publikum på bookinga var svært positiv, så dette trur eg vil fenga mange, seier Øystein Vaage!

Den amerikanske gruppa blei starta allereie i 1977 og hadde utspring i det homofile miljøet i New York. Den fengande musikken blei raskt oppdaga utanfor homsemiljøet. Bandet har i dag solgt meir enn 100 millionar album, og set framleis nye rekordar. I tillegg har bandets hits vore med i fleire titals filmer.04

Frontfigur frå starten var Victor Willis. Han forlot Village People i 1979, men gjorde comeback då dei dro ut på ein lengre turne i samband med 40-årsjubileumet i 2017.

Village People er kjend for sine fargerike kostymer og lett dansbare musikk. Dei held framleis koken, og slapp i 2019 juleplata «Magical Christmas. Samme år var dei og på ein omfattande verdsturne der dei mellom anna spelte på Wembley arena og hadde fem utselde hus i Amsterdam.

Village People speler på Gjerstad arena laurdag 11. juli.

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest 2021:

Torsdag:
Bjørn Eidsvåg
Vinskvetten
Hellbillies
Stavangerkameratene
Hjerteslag (på Såto OG på Gjerstad)

Fredag:
Highasakite

Laurdag:
Staysman&Lazz
Vidar Villa
Village People
Car.pool
Kapteinen
TIX