Rundtur frå Tverrelvo til Myrdal

Tverrrelvo
2. juni kl. 10:00

Søndag 2. juni arrangerer Tysnes Turlag ein rundtur som startar ved Tverrelvo og går opp til Ådnastegen. Etter pause, omvising og litt historieforteljing om bl.a. “skihytta” står Veghamrane for tur og dei sprekaste kan ta turen oppom Såto.

Karl Lunde vert guide på turen. Turen vert avslutta på Myrdal der dei som vil, kan få servert pizza ++.

Transport tilbake til bilane vil verte organisert. Karl plasserer ein sju-seter på Myrdal som kan frakte sjåførar tilbake til Tverrelvo. Blir det for lite, er det folk i Lunde i beredskap.

Bruk passande klede og sko etter vêret.

Arrangementet er gratis og ope for alle, men medlemskap i Tysnes Turlag er ingen ulempe.

Kom bli med oss UT!