Gledeleg gjensyn mellom Merete Kristiansen og borna i Ukraina.

Gledeleg gjensyn

Publisert av: May Britt Meland
18/2/2020 20:57

13. februar reiste eldsjela Merete Kristiansen på sin sjette tur til Ukraina. Saman med henne var 8 andre engasjerte tysnesingar, Tamara Helland, Else Marit Særstein, Nora Stien, Marte Stien, Sindre Fanebust, Karoline Hovdenes Kristiansen, Åshild Matre og Siv Heidi Schulstad.

 

 

Dette er fyrste gongen vi har reist nedover i vintersesongen. -Eigentleg var vi veldig heldige med været fortel Merete Kristiansen. -Det var regn og surt den fyrste dagen, resten av dagane var det sol og pluss grader på dagtid. Områda har hatt ein del nedbør, så bakken var svært gjørmete i leirane vi besøkte.

 

 

Hjelpeturane er i regi av den humanitære stiftinga KPK Ukraina.
Reisefølget denne gongen var på nærmare 50 personar. Progammet er tettpakka fra ankomst til avreise. Det er mange dei skal rekka å besøka, mykje som skal handlast inn og mange donasjonar frå Norge som skal delast ut. I leirane står KPK også for utdeling av eit varmt næringsrikt måltid, dei deler ut heile 800 måltid kvar dag.

 

Barnemat vert handla inn lokalt i Ukraina.

 

Både unge og eldre får glede av hjelpa frå Norge. For nokre er det fyrste gongen dei tek i mot hjelp, medan det for andre som har fadderar er eit kjært gjensyn.