Pilegrimsvandring på Fitjar

Vistvik, Fitjar
20. september kl. 09:00
PILEGRIMSVANDRING 20. SEPTEMBER 2020
Då vert det ny, gild vandring frå nye parkeringsplassen i Vistvik.
Me går klokka 09.00 presis.
Gratis.
Påmelding sms eller telefon til turleiar Hjørdis J. Heggland, seinast sundag morgon kl 08.30.
Kjentmann er som før: Johannes Nesse.
Bruk fjellsko, noko vått i terrenget. Bratt i start, pust, pust, men der sig me roleg. Hugs nista, rast ved Kyrkjevatnet.
Framme ved Fitjar kyrkje (omlag kl 14.00), kan dei som vil, delta på ei lita pilgrimsmesse, ved prest Herman Inge Aadland og kantor Jan Owerveg.
Du skal vera hjarteleg velkomen til ein litt annleis tur for sjel og kropp i gildt fellesskap.
Tilskipar: Fitjar sokneråd, Stord-Fitjar turlag, Stord kyrkjeakademi.