Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Godt resultat for 3. kvartal 2021

Publisert av: May Britt Meland
16/11/2021 14:37

Tysnes Sparebank legg fram eit resultat før skatt på 25,5 mill. kroner etter 3. kvartal 2021. Dette er på nivå med resultatet før skatt på same tid i 2020. Resultatet tilsvarer ei eigenkapitalavkastning på om lag 6,8 %.

Rentemarginen i banken er noko mindre samanlikna med året før.

«Vi ser at driftsmarginen til banken vert utfordra. Dette er eit bilete som ein kan sjå i heile banknæringa i Noreg. Vi er nøgde med drifta i banken, og har tru på at vårt lokale og nære bankkonsept vil stå seg godt i tida som kjem» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Banken aukar marknadsandelen  Sunnhordland

Tysnes Sparebank har ein marknadsandel i Sunnhordlandsregionen på rundt 10 % på personkundemarknaden. Veksten dei siste 12 månadene har vore på 6 %, noko som er over den generelle marknadsveksten.

Ved utgangen av 3. kvartal har banken 76 % av sine samla utlån til personkundar i regionen, og 24 % til næringslivet.

«Det er våre tilsette som er grunnlaget for den gode veksten banken har hatt fram til i dag. Våre medarbeidarar kjenner den lokale marknaden dei arbeider i, enten det er på Stord, Husnes eller i Våge på Tysnes. Vi er kjend for å finna gode løysingar for våre kundar, det er noko kundar i alle aldrar set pris» uttaler banksjefen.

Innskot frå kundar har auka med 10 % dei siste 12 månadene.

 

Skifte av dataleverandør aukar kostnadene på kort sikt

Saman med 53 bankar i Eika Alliansen har Tysnes Sparebank bestemt seg for å skifte dataleverandør frå danske SDC til norsk/finske TietoEvry. Dette vil auka kostnadene i ein periode på nokre år, men skal resultere i svært lågare driftskostnader når konverteringa er gjennomført.

 

Eigenkapitalbevis og utbytte

Forstandarskapet i banken vedtok i mars i år å setje av utbytte til Utjevningsfondet i banken. Banken har som mål å kunna utbetala 50 – 70 % av avkastninga per eigenkapitalbevis i direkte utbytte. Styret i banken signaliserer i 3. kvartalsrapporten at dei vil vurdera eit høgt nivå på direkte utbytte per eigenkapitalbevis for rekneskapsåret 2021.

 

Pressemelding Tysnes Sparebank, 15. november 2021