Konsert

Flatråker bedehus
13. juni kl. 18:00

Dette er eit dugnadsprosjekt i regi av Flatråker Bygdalag, elevar frå Stord Vidaregåande skule, Endre Olsen, bandet Lykke Til? og trioen Klingenberg (HVL).
Musikkpedagogane Frode Hammersland og Endre Olsen har fylgd opp bandet Lykke til?, som er eit nyetablert band med unge ukrainarar som går på Stord Vidaregåande skule.
Dei kjem både til å spele songar frå Ukraina og låtar me kjenner frå før.
Det vert også lest opp korte tekstar skriven av elevane som skildrar nokre av deira opplevingar.

80% av inntektene går til Røde Kors sitt humanitære arbeid i Ukraina. 

Billettprisane (50/150) er låge, men alle kan gje så mykje dei ynskjer på Vipps: 518057.
-Også dei som ikkje har høve til å møte på konserten, kan støtte prosjektet med ei pengegave!

Alle er hjarteleg velkomne!

Repertoar:
Lykke til?: Musikk frå Ukraina, og av Radiohead.
Klingenberg Trio: Tankar og tio (Kenneth Sivertsen), Vår beste dag (Erik Bye), Nature Boy  (Eden Ahbez).
Endre Olsen framfører eige materiale.