Kom Deg Ut-Dagen

Kjeviko
1. september kl. 12:00

Me håpar mange vil vere med på å sparke i gang turhausten med morosame, enkle og gratis aktivitetar for store og små på Kom Deg UT – dagen i Kjevikjo!
Ein treng ikkje reise langt for å få naturopplevingar og minner som varer. Uansett om du er del av ein familie som er mykje på tur eller er meir uerfarne, bli med på moroa. Dette er for alle!

«Kom deg ut-dagen» er ein nasjonal turdag i regi av dei ulike foreiningane i Den Norske Turistforening (DNT) og blir arrangert haust og vinter i kvart lokallag. Målet er å gje foreldre og born i alle aldrar ein smakebit på friluftslivet, heilt gratis.
Det enkle, rimelege friluftslivet vil bli stadig viktigare i ei tid med strammare økonomi for mange trur me i turlaget.

Me møtes i Kjevikjo kl 12, her lagar me litt lunch på bålpanna som vanleg, og me har òg aktivitetar ein kan delta på, og heilt sikkert premiar til utdeling.

Vil du støtte oss og bli medlem: https://www.dnt.no/medlem/