Kino: Snekker Andersen & Julenissen

Grendatun Kino
17. november kl. 17:00

Snekker Andersen & Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul

Dette er historien om ei lita bygd. Den var omtrent som andre bygder, sjølv om den låg ganske for seg sjølv oppi åsen. Folka som budde i bygda var omtrent som andre folk, nokon var store og nokon var små, nokon meinte ditt og nokon meinte datt. Stort sett som bygder flest, men når det gjaldt ein ting, var dei heilt like alle saman, dei var så fæle til å gløyme. Og dei gløymde dei merklegaste ting, alle på ein gang! No er dei på veg til å gløyme det viktigaste av alt…nemleg jula!

Foto: filmweb.no

 

Ei ny julefortelling frå universet til Alf Prøysen, ein av våre mest kjente og kjære forfattarar. Snekker Andersen og Julenissen er tilbake og denne gangen må dei hjelpe vesle Elise med å redde jula før det er for seint.

Foto: filmweb.no

 

Skuespillere: Trond Espen Seim, Anders Baasmo, Miriam Kolstad Strand, Aleksander Ottesen-Kaalstad, Christian Skolmen, Marie Blokhus, Jan Gunnar Røise, Marianne Krogness.
Sjanger: Familiefilm
Aldersgrense med begrunnelse: Tillatt for alle
Filmen inneheld ingen skadelege scener. Den blir derfor tillatt for alle.
Språk: norsk

Tekst og bilder henta frå filmweb.no