Julekonsert med TAPAS

Kulturkyrkja på Onarheim
22. desember kl. 18:00

TAPAS har gleda av å invitere til julekonsert for fyrste gong i Kulturkyrkja, Onarheim, på Tysnes.

Julekonsert med TAPAS har dei siste åra blitt ein kjær tradisjon for mange på Stord med utselde kyrkjer, og no gledar dei seg til å besøke Tysnes for å spreie juleglede.

Fredag 22. desember kl. 18:00
– dørene opnar ein halv time før konsertstart.

Billettsal hjå kulturhuset på Stord eller på deira nettside: stord.kulturhus.no
CC: 375,- (barn tom. 12 år 225,-)

Billettsalet startar 1. november kl. 09.00.

TAPAS består av Frida Pedersen Nygård, Ragnhild Kleppe, Sandra Linnèa Lindwall og Rebecca Hammersland. Med deira særeigne stemmer syng dei reint, dynamisk og presist.

Kvar for seg er dei framifrå solistar, men samspelet dei har seg i mellom er spesielt vakkert. Saman og som solistar tolkar dei kjende og mindre kjende låtar.

Repertoaret spenn seg frå poplåtar til folketonar. Kjære juleklassikarar er også med. I tradisjon tru, har dei med seg Øystein Heide Aadland på piano og Joakim Vikanes på gitar.

Ta med deg vener og familie til ei stemningsfull stund.

TAPAS gler seg til å syngje inn jula for dykk.