Grøn veke – grønt samvit

SIM, Eredalen
25. november kl. 09:00

20. – 25. november er alle invitert til «Grøn veke» på SIM sine «Godt brukande» avdelingar. Det vil denne veka vera mogeleg å finna ekstra fine saker til ekstra gode prisar. Dei tilsette har nemleg i fleire veker samla opp saker og ting til den grøne veka, og dei er viljuge til å gje deg eit godt tilbod om du spør.

Denne veka ynskjer me å setja ekstra fokus på at ein kjøper meir brukte ting enn nye. Me opplever stadig at folk kastar godt brukande gjenstandar. Og me opplever ei større interesse for brukt,

SIM har «Godt brukande» avdeling ved alle sju miljøsentralane. Her kan du finne eit variert utval av brukte, men godt brukande ting heile året, til heilt andre prisar enn om du skulle kjøpt nytt.

Dei ekstra fine sakene som er samla opp til den «Grøne veka» vil bli sett ut på utvalde dagar denne veka. Dersom dei ikkje vert selde denne dagen, vert dei sjølvsagt å finne i våre «Godt brukande»- avdelingar etter at veka er over.

SIM vil no framover ha ekstra fokus på avfallsredding, der ein i større grad aktivt vil oppmode kundar om å setje godt brukande gjenstandar inn på «Godt brukande» i staden for å  kaste den. Det kjem både miljøet, og lommeboka til dei som kjøper gjenstanden, til gode.

«Grøn veke» i din kommune:

Laurdag 25. nov kl 09-14 – Tysnes

Måndag 20.nov kl 12-18 – Fitjar
Onsdag 22. nov kl 12-18 – Kvinnherad
Onsdag 22 nov kl 11-18 – Bømlo
Torsdag 23. nov kl 10-18 – Sveio
Fredag 24. nov kl 09-15 – Heiane
Laurdag 25. nov kl 09-14 – Austevoll