Aktivitetsdagar i Solheimsdalen

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/7/2020 15:14

I sommar kan borna få opplevelsesdagar i Solheimsdalen.

Brekke gard og Tysnes Skulemuseum ynskjer born i alle aldrar (med foresatte) til å koma å sjå korleis livet på ein fjellgard er, møta dyra og få høyra om korleis det var å gå på skule i gamle dagar.

Hans Tore Brekke seier at det i utgangspunktet blir arrangement kvar laurdag i juli og dei to fyrste i august. Dersom det er meldt mykje regn, vil dei ha dialog med dei påmeldte om ein eventuelt kan bytte dag.

For påmelding kan ein kontakte Hans Tore Brekke på htbrekke@gmail eller telefon 481 48 282