Drop-in-dåp

Tysnes kyrkje
14. juni kl. 15:30
Fredag 14. juni kl 15.30-17.30 kan du koma og få gjennomført ein fullverdig dåpsseremoni i ro og fred i Tysnes Kyrkje. Her krevst inga førebuing. Det er berre å stilla og dette er eit tilbod til alle, uansett alder!
Litt om Drop-In Dåp:
  • Drop-In Dåp er ein fullverdig måte å bli døypt.
  • Å bli døypt i ein Drop-In Dåp er heilt enkelt, men like stort som å bli døypt i ei vanleg gudsteneste.
  • Det er heilt gratis å bli døypt i Den Norske Kyrkja.
  • Dersom du ikkje har fadrar, stiller kyrkja med dette på staden.
  • I Kyrkjeståvo lagar kyrkja klart til enkel servering for dykk som ynskjer å stansa att der etter dåpen.
  • Det einaste du må hugsa å ha med deg, er legitimasjon.
Ta gjerne kontakt med Kyrkjekontoret på telefon 481 23 170 om du har spørsmål.
Velkomen til Drop-In Dåp på Tysnes!