Onsdag 2. september kl. 15.30 – 17.30 i Tysneshallen vert det fyrste Seniordansen etter sumarferien.
Tysnes Seniordans har 22 medlemmer. I Hordaland er det registrert 29 grupper med totalt 635 dansarar i heile fylket.
Dette er fin aktivitet for begge kjønn, og ikkje minst for einslege.
Det er dansar til alle slags rytmer og med instruktør som leier i steg og figurar.
Likar du å bevega deg til rytmar, er dette kjekt å delta i, og det kan vera lurt å starta før ein vert for gamal, då det krev konsentrasjon og beveglegheit.
Om du er usikker på om dette er noko for deg, kom og prøv.
Me startar med svært lette dansar, som alle kan vera med.
På en fyrste samlinga vert det orientert om planane framover hausten.
Kaffi og vafler er standard i pausen og sosialt samver ellers.
Vel møtt !
Inger Jan
-instruktør- -formann-