Husfar Torstein Hatlevik song julesongar med Irene Simonsen ved pianoet. Foto: Eirik Wilhelmsen

Juletrefest på Haaheim

Publisert av: May Britt Meland
28/12/2020 08:36

Uggdal bygdalag og Haaheim Gaard stelde til juletrefest 3. juledag. Det var opprinneleg sett opp to juletrefestar same dagen ein kl 14 og ein kl 17. -Den fyste måtte vi avlysa grunna for få påmelde, fortel Eirik Wilhelmsen i bygdalaget. -Det er forståelig at folk er litt skeptiske i disse tider. Kl 17 vart vi fulltallige, og det vart ein kjekk og koseleg juletrefest.

Torstein åpna med nydelege julesongar med Irene på piano.

I spisesalen vart det servert nydelege snittar, kaffe og saft.
Det blei arrangert julequiz, der vinneren vart familien Elisabeth Hatteberg. Etter det var det loddsalg og basar.

Julenissen kom sjølvsagt innom med godtepose til barna!


Det var veldig god stemning fra begynnelse til slutt.

Eirik Wilhelmsen i Uggdal bygalag takkar for ein flott juletrefest. -Vi er utruleg heldige som har Torstein med på laget, som steller i stand og bidreg i lag med bygdalaget.  Neste år håper vi at coronaen har takket for seg!

Bygdalaget ynskjer også å rette ei takk til alle som bidrog med premiar, og til dei som kjøpte lodd.